Kunsthuset Kabuso Nyhendebrev veke 5
Utstillingsopning Marius Moldvær: HEIMAT/HIRAETH 7. februar kl. 13:30
Kunsthuset Kabuso


 

HEIMAT/HIRAETH

Marius Moldvær vann under Vestlandsutstillinga 2013 høve til eiga separatutstilling i Kabuso. Moldvær er i  sitt kunstnariske virke  instressert i kryssingspunktet mellom natur og kultur; korleis landskap framstår som ein rein fysisk form, korleis det er vidare forma gjennom menneskeleg påverknad, og korleis stader vert konstruerte både fysisk, kulturelt og mentalt.

I utstillinga HEIMAT/HIRAETH ved KABUSO 7. februar - 1. mars 2015 vil Moldvær gå djupare inn i temaet heim, då både med utgangspunkt i sin eigen heimstad Aurland, samt dei to uttrykka Heimat og Hiareth. Mellom den fysiske heimstaden og dei to uoversettbare orda, ynskjer Moldvær å diskutera korleis ein kan kjenna seg igjen i eit landskap, korleis ein kan tilhøyre ein fysisk stad, lengte tilbake til han samstundes som "Heim" er noko uhandterleg, utan grenser og fysiske rammer.

Det er denne todelte forståinga av Heim som Moldvær vil forsøka å føra saman i utstillinga Heimat/Hiraeth, der han meiner at ei forståing av Heim som anten eit fysisk landskap eller ein emosjonell følelse er utilstrekkelig; det er heller i symbiosen mellom desse to forståingane at kompleksiteten og den fulle utstrekninga av heim kan verta funnen.

Sjå nettstaden vår:

http://http://www.kabuso.no/kunsthuset-kabuso/norsk/aktuelt/program/2015/2/utstilling-marius-moldvaer.aspx

og les meir på nettstaden til Marius Moldvær http://mariusmoldvaer.com/

Event på FB: https://www.facebook.com/events/321907334672373/

Velkomen til utstillingsopning 7. februar kl.13.30!

Konsert fredag 20. februar kl. 20: Living Space m/ Kjetil Møster kvartett

Billettar: 200,- / 160,- (med Kabusokort) Kabusokafeen opnar 19.15.
Inngang i salen 15 min før konsertstart.